Dagsorden styremøte i friByte

Val av ordstyrer og referent

Godkjenning av dagsorden og innkalling

Godkjenning av referat

Orienteringssaker

Kva har den enkelte gjort sidan sist.

Arbeidsoppgåver

Opprydding i våre filsystem.

Det har vorte nemnt at me har ein del overflødige filer på våre maskiner. Då kanskje spesiellt /home/samba, men også /home/users og /home/friByte har ein del katalogar med mykje data. Det er vel ikkje akkurat kritisk med diskplass endå, men det hadde vore fint å få fastsett nokre retningslinjer for kva og kvar ein lagrar på våre driftsmaskiner, samt å få rydda litt opp. Forslag av meir konkret art:

Sentralisert autentiseringssystem.

Det har lenge vore planen i fribyte å setje opp eit sentralisert autentiseringssystem og laga støtteverktøy for desse slik at det vert anklare å handtere brukarar. Eit slikt system er tenkt realisert rundt bl.a. kerberos og ldap.

Gjennomgang av kundar.

Dette vart påbegynt under Andreas sitt styre, men det var vel ikkje alle som kom i mål med det (inkludert underteikna). Tanken bak var at alle våre kundar skal ha ein kontaktperson i friByte.

Forenkle handtering av organisasjonsdokument.

Våre agendaer, møtereferat, kundeavtalar o.s.v. ligg for tida i cvs, noko som ikkje alltid er like praktisk. Det vert også brukt ein del forskjellige dokumentformat, bl.a. latex, txt, OASIS osv. Dersom ein går over til å bruke subversion kan ein enkelt få tilgang til filene over nettet.

Sftp for /home/streamer.

La studentradioen bruke sftp for å laste opp filer til /home/streamer, slik at me kan fjerne samba frå skrue.

Anbefalt programvare for våre brukarar.

Me får frå tid til anna forespørsel om å setje opp ymse administrativ (og anna) programvare for våre kundar. Kanskje det kunne vere ein idè å undersøke litt og gjere oss opp ei meining internt om kva for løysingar og programvare det er ynskjelig for oss at kundane våre brukar.

Ris & ros

Konstruktiv kritikk medlemmane i mellom.

Ymse

Saker som kjem til undervegs.